Kalottspel ble årets folkemusikkarrangør!

Dette sier FolkOrg om prisen:

Gode, kunnskapsrike og kreative folkemusikkarrangørar er avgjerande om utøvarane skal ha ein stad å presentera seg, og publikum ein stad å møte dei. FolkOrg har difor innstifta prisen som Årets folkemusikkarrangør, og 2014 er den tredje i rekka.

Prisen skal vera ein heider til dei beste arrangørane, og ein synleggjering av godt arrangørarbeid. Prisen er ein diplom og kr. 10 000,-

Hovudkriterier i år har vore programmering, kunstnarleg profil og publikumsoppslutning, og evna til å skapa blest, interesse og entusiasme for arrangementa og musikken.

Styret i FolkOrg nominerte dei tre festivalane Førdefestivalen, Folkemusikkveka på Ål og Kalottspel til prisen.

Dette er alle særs dugande arrangørar, og viktige aktørar innanfor folkemusikken og -dansen si profilering og synleggjering. Dei oppfyller såleis alle god kriteria, og styret hadde såleis eit ”tett val”.

Om vinnaren seier juryen:
Arrangøren har ein tydeleg og langsiktig profil, og har vore viktig for oppbygginga av lokal og regional folkemusikk og –dans. Lokale utøvarar slepp til, og det er skapt ein ståstad og møteplass for folkemusikarar og – dansarar i regionen.

Spanande konsertkonsept er utvikla, der så vel tradisjonelle som meir utradisjonelle, og for publikum utfordrande, arenaer er teke i bruk.

Arrangementa er godt besøkt, og har publikum både frå tilreisande og frå dei lokale. Her har ein òg fått folk utanfor folkemusikkmiljøet til å møte fram.

Arrangørapparatet er profesjonelt, og har opp gjennom åra skapt tillit hjå så vel artistar som publikum.

Vinnaren av Årets folkemusikkarrangør 2014 er Kalottspel.

Kjøp Billett

FolkBarokk

to 21 sep / KL. 19.30

Kalottspelfestivalen er over og vi går i gang med vårt fantastiske høstprogram. Først ut er FolkBarokk. Et stjernelag av musikere vil gi deg en uforglemmelig konsertopplevelse.

Les mer