Praktisk informasjon om festivallaurdagen og Arctic Race of Norway

På laurdag er det duka for storslagen fest på Kalottspelfestivalen, og festen vert enda større når Arctic Race of Norway kjem rett forbi festivalområdet.

Eit sykkelløp som Arctic Race of Norway krev òg mykje logistikk, og vi har som best vi kan prøvd å gjere festivallaurdagen så enkel som mogleg for deg som skal kome til oss.

Her kjem litt praktisk info som er kjekt å vite:

Kart over stengde vegen. Kjelde: Arctic Race of Norway

Vegene stenger i vårt område frå 15:30-18:20.

Det vil si at om du kjem på Familiedagen, Kalottspel UNG og Kalottspeliaden, og vil heim før far skal sove middagskvil klokka 17, så må ein følge med på tida.

Vi vil likevel anbefale å bli verande, fordi det er både konserten Kaipu med Nordnorsk Jazzensemble og folkefest med dans og spell og heiarop mens vegen er stengd. Det er varme på grillen, og middag i restauranten, kaffe, sveler, kake og anna godt får man òg, så ingen skal gå svoltne eller tørste mens dei ser sykkelrenn saman med oss.

Har du tenkt deg på Kaipu, men ikkje familiedagen, så må du kome deg til festivalområdet før 15:30, altså ein halvtime før konserten begynner. Etter konserten går vi ut og heier på syklistane saman langs vegen.

Om du kjem frå Øverbygd, så er det mogleg å parkere på rundhaugen og gå eller sykle langs gongvegen bort til festivalområdet (sjå bildet).

I følge søketjenesta Google Maps tek det 26 minutt å gå, så det er likevel lurt å vere ute i god tid før Kaipu.

Gongveg frå Rundhaug til festivalområde. Kjelde: Google Maps

Har du vore med på heile kalasen, er det likevel ingen grunn til å reise heim sjølv om vegane opner igjen, for 19:30 brakar den tradisjonelle Kalottspelkonserten i gong, og frå 21:00 er Kalottspelfesten med dans, spel og kalas!

På vores område finn du gratis parkering på nedsida av festivalbygget (Mellembygd Kultur- og oppvekstsenter), følg skilting.

Nina Fjeldet