Frivilligfest 2024!

Det er endelig klart for frivilligfesten 2024! Kalottspel er basert på frivillig innsats, utan frivillige finns ikkje Kalottspel. Vi inviterer til frivilligfest på Mellembygd Samfunnshus laurdag 19. oktober. Det blir mat, musikk, dans og sosialt. Ein kveld der trivselen står i høgsetet.

Dørene opner 17.30, maten serveres rundt klokka 18.00 (det blir restefest!), og klokka 20.00 er det konsertstart. Vi får besøk av det splunka nye klubbkonseptet “Hans, Jo - Klubb”. Duoen Hans Hulbækmo (kalebass, munnharpe, perkusjon, tamburin) og Jo Einar Jansen (feler, sang, strykeharpe) spelte saman som ungar, og har funne saman att i vaksen alder. Dei har spelt på Kalottspel før, men nå har dei utvida orkesteret og kjører ein heilaften med spel og dans. Ein folkemusikklubb er kort forklart ein skikkeleg dansefest anno 2024, open for alle! “Hans, Jo - klubb” er produsert av Folkemusikk Nord i samarbeid med oss (Kalottspel altså), og vi gler oss skikkeleg til denne kvelden!

Vi spanderer mat, konsert og drikke til maten, det du ellers skulle trenge kan du få kjøpt i baren!

For at vi skal kunne planlegge kvelden og matserveringa treng vi påmelding. Følg derfor lenke til “meld deg på”. Da kjem du vidare til vårt billettsystem, der kan du melde deg på (velg billettypen “påmelding til frivilligfest”). Har du allergier eller anna vi burde vite, skriv det i feltet “allergi” på påmeldinga. PS: Dersom du ønsker å ta med deg kjæresten eller anna kavaler, meld vedkommande på, og vedkommande kan betale for maten ved ankomst.

OBS! PÅMELDINGSFRIST 16. OKTOBER!

Vi gler oss til ein triveleg kveld, vel møtt!

“Hans, Jo” i Løvhaugfjøset under Kalottspel 2023. Rett før ekstranummeret. Foto: Odd-Inge Larsen.

Nina Fjeldet